Skip to main content
Minneord må inneholde fullt navn på avdøde, samt fødsels- og dødsdato. Legg gjerne ved et bilde.
Send inn minneord

Wenche Randgaard til minne

Den grå oktoberdagen blei endå gråare, og tåkehavet endå tettare då meldinga om Wenches bortgang nådde meg den 19. oktober, (født 23. oktober 1953). Eg frykta og visste at dagen ville kome, men vi – familie og vener - håpa i det lengste at den tapre kampen ho kjempa, ville gi henne enno ei stund saman med oss. Når det ikkje blei slik, gjev det ei slag trøyst og lindring å vite at vi er mange som sit att med ein stor og vakker minneskatt som vil bløme vidare i hennar fotefar.

Mitt vennskap med Wenche starta i godt vaksen alder då vi i 1990 blei kollegaer på Vettre skule i Asker. Trass i svært ulike bakgrunnar fann vi fort tonen, og dei banda vi då knytta, vaks seg stadig sterkare, også etter at eg reiste frå Asker i 2002.

Eg hugsar godt mitt første møte med Wenche. Etter fleire år borte frå skulen var ho langt frå sikker på at ho hadde kome på rett hylle her i livet. Denne tvilen viste seg å vere grunnlaus; eg har sjeldan møtt eit menneske som har falda seg ut og vakse slik med oppgåvene som Wenche gjennom dei åra vi var saman. No må det seiast at ho hadde eit godt grunnlag å byggje på. Wenche var «heil ved». Ho stod støtt som fjell både i si kristentru, etter kvart også som pedagog og med ein integritet som gjorde at ho aldri svikta sine verdiar og ideal.

Eg var så heldig å få jobbe tett og parallelt med Wenche i seks samanhengande år, med A- og B-klassar frå 2. til 7. klasse. På denne tida kom planarbeidet for fullt inn i norsk skule, noko som passa Wenche utmerka, og som eg drog stor nytte av. Ho var sjølv svært kunnskapsrik, og kunnskapsformidling stod alltid i sentrum i arbeidet hennar. Wenche var svært glad i naturen med stor respekt for det som rørde seg der. Naturfaget var nok difor «hjartebarnet» hennar, og i tillegg til å formidle fakta brukte ho omgrepet «undring» som ein pedagogisk innfallsvinkel. Ho undra seg saman med elevane både inne i klasserommet og ute i naturen – og gav dei gjennom dette ein kunnskap som knapt noko lærebok kan overgå.

Wenche var glad i planarbeid og systemtenking. Det fall henne difor naturleg etter kvart også å engasjere seg i ulike prosjekt innanfor skuleutvikling samt fagforeiningsarbeid – noko Vettre skule drog stor nytte av.

Det har blitt mange turar tilbake til Asker i åra etter at eg reiste der ifrå, ofte med eit besøk hos Wenche og Frode, der eg alltid var velkomen. Saman har vi mimra, ledd, diskutert og undra oss over korleis dette underfundige livet har påvirka og forma oss som menneske.

Sjukdomen råka brutalt og kutta livstråden så altfor tidleg. Wenche aksepterte lagnaden sin utan å klage, i sterk forvissing om at noko betre venta henne på den andre sida. Og den tida ho fekk til låns, fylte ho med gode opplevingar – til glede for seg sjølv og dei som var rundt henne.

Vi står fattige tilbake etter tapet av Wenche, men ber likevel med oss ein rikdom gjennom den arven ho har etterlate seg. .

Eg sender varme tankar til Frode og borna med familiar og lyser i vyrdnad og takksemd fred over Wenches sitt vakre minne.

Torhild Austad

Minneord må inneholde fullt navn på avdøde, samt fødsels- og dødsdato. Legg gjerne ved et bilde.
Send inn minneord
Les flere artikler

Budstikka bryr seg om personvern og er ansvarlig for dine data. Dataene blir brukt til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.