Skip to main content

Ekteparet Valstad og Johan Falkberget

– Det gjekk fleire brev mellom Johan Falkberget og Tilla og Otto Valstad, skriver innsenderen. Her ekteparet Tilla (1871–1957) og Otto (1862-1950), som bodde på Hvalstad, der Asker Museum er i dag.

– Det gjekk fleire brev mellom Johan Falkberget og Tilla og Otto Valstad, skriver innsenderen. Her ekteparet Tilla (1871–1957) og Otto (1862-1950), som bodde på Hvalstad, der Asker Museum er i dag.

Foto: ASKER MUSEUM

Eg kom over nokre brev frå Johan Falkberget til Tilla og Otto Valstad i Kunstnerdalen på Hvalstad.

Johan Falkberget er ein av dei mest spanande forfattarane vi har hatt. Han jobba i gruva på Røros, skreiv i lokalavisa Fjell-Ljom, var ein periode på Stortinget og reiste rundt som journalist før han slo seg ned som forfattar. 

Tida blant dei folkevalde karakteriserte han som «tre år blant ulver». Han var utruleg produktiv. Han skreiv over 7.000 artiklar i aviser, tidsskrift og julehefte. Og til saman skreiv han over 50 bøker. 

Falkberget budde i Kirkesvingen på Grorud før han flytta attende til Røros. Og det var da han kom i kontakt med Otto Valstad. Det starta med eit brev postlagd Grorud st. 27.12 1912:

«Sender dem idag 2 eventyr eller jutulhistorier – det blir 3 i alt. Det gaar smaat med at faa noget helt ferdig. Men jeg gleder mig til denne lille bok fordi du blir med paa den.» 

Boka blei utgitt under namnet «Jutulhistorier av 'n Soplim-Torsten sjøl». Etter denne utgåva brukte Falkberget sitt eige namn på boka.

Otto Valstad illustrerte mange bøker, mellom anna «Kolbotn-Brev» (1911) av Arne Garborg og «Æsops Fabler» (1918) av kona Tilla Valstad. Det var som målar Otto Valstad var mest kjend, men han skreiv også fleire bøker, mellom anna fem bøker for barn, med illustrasjonar. 

Johan Falkberget (1879-1967), her fra 1960.

Johan Falkberget (1879-1967), her fra 1960.

Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB

Det gjekk fleire brev mellom Johan Falkberget og Tilla og Otto Valstad, og da Otto døydde i 1950, sende Falkberget nok eit brev kor det mellom anna stod:

«(…) det var som en stor tid lukket sine dører etter en stor og mærkelig mann som hadde gått ut. Jeg hørte skrittene hans bli borte (…), tunge skridt stadig fjernere. Han kommer nok igjen i norsk malekunst, når det en gang blir slutt på alt det meningslause som er i skuddet i dag. Da vil vi atter høre skrittene hans nærere og nærere. Han var en poetisk kunstner, en streng og kresen lyriker i farger og motiv; skjønnhetsdyrker! Jo, han får nok sin tid igjen!»

For å gjere ei lang historie kort, såg eg for nokre år sidan eit måleri av Otto Valstad hengje på veggen, saman med verdskunstnarar, i det moderne museet i Roma!

Les flere artikler

Budstikka bryr seg om personvern og er ansvarlig for dine data. Dataene blir brukt til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.