Skip to main content

Da museumssjefen endra flyruta over Asker

– Museumssjefen ringte tårnet på flyplassen og spurde om ikkje dei kunne dirigere innflyginga til andre sida av fjorden. Det var ikkje noko problem. Flygeleiarar har respekt for god kultur og myndige museumssjefar, skriver innsenderen om Fredrikke Hegnar von Ubisch på Asker Museum.

– Museumssjefen ringte tårnet på flyplassen og spurde om ikkje dei kunne dirigere innflyginga til andre sida av fjorden. Det var ikkje noko problem. Flygeleiarar har respekt for god kultur og myndige museumssjefar, skriver innsenderen om Fredrikke Hegnar von Ubisch på Asker Museum.

Foto: EVA GROVEN

På slutten av 80-talet var eg med i styret i Asker museum, staden som opprinneleg var heimen til Otto og Tilla Valstad. 

Valstads Samlinger er eit fantastisk livsverk dei etterlot seg med bygningar, kunst og kulturhistoriske gjenstandar. 

Rett over vegen for museet ligg Labråten, som Hulda og Arne Garborg kjøpte i år 1900 og budde i resten av livet. Ein av gongene vi arrangerte ei Haugtussa-oppsetting på vollen utanfor museet, skulle Wolfgang Plagge spele. Vi var engstelege for at lyden frå flya som skulle ned på Fornebu, ville øydelegge arrangementet, og museumssjefen, Frederikke, ringte tårnet på flyplassen og spurde om ikkje dei kunne dirigere innflyginga til andre sida av fjorden. 

Det var ikkje noko problem. Flygeleiarar har respekt for god kultur og myndige museumssjefar.

Dei første 20 åra på 1900-talet var det påfallande mange målfolk som samla seg her på Labråten og nærliggjande hus.

Redaksjonen i avisa Den 17. Mai heldt til her sidan grunnleggjaren og redaktøren Rasmus Steinsvik og kona Marta hadde flytta hit. Bladet var oppfølgjaren til Fedraheimen, men no var anarkismen tona ned. No var det kampen for norskdomen og landsmålet.

– Rett over vegen for museet ligg Labråten, som Hulda og Arne Garborg kjøpte i år 1900 og budde i resten av livet, skriver innsenderen.

– Rett over vegen for museet ligg Labråten, som Hulda og Arne Garborg kjøpte i år 1900 og budde i resten av livet, skriver innsenderen.

Foto: KARL BRAANAAS

Her budde ei rekkje nynorskforfattarar i kortare eller lengre tid. Hulda og Marta hadde hjarterom for fleire; både Olav Nygard (1884-1924), Rasmus Løland (1861-107), Kristofer Uppdal (1878-1961), Henrik Rytter (1877–1950) og Ivar Mortensson-Egnund (1857–1934) var med i denne kretsen. 

Arne Garborg uttalte at no hadde han tre plassar å bu: «Ei fjellbu uppunder Dovre, ei havbu ut mot Nordsjø – og ein bygdeheim og ein halv by-heim midt i svartaste norsk-danske kulturen. For halve Kristians-by ligg i Asker på sumaren, veit du.» 

Det var ikkje berre nynorskforfattarar som budde i området. Her kunne ein treffe på Cansellirådens forfattar Tryggve Andersen (1866-1920), Ronald Fangen (1895–1946) og ikkje minst Johan Bojer (1872-1959), som slo seg ned for godt i Kunstnerdalen, og ei rekkje kjende målarar og skodesplarar.

Likevel er det nynorskkrinsen i Hvalstaddalen som sette størst spor etter seg. Dei bygde opp den riksdekkjande nynorskavisa Den 17. Mai, skreiv stor litteratur og arbeidde hardt for å få bygdekulturen anerkjent. 

Hulda reiste rundt og heldt foredrag om bunader og folkelivstradisjonar. Ho skreiv ikkje mindre enn 13 skodespel, og det var i Venskaben i Asker debutførestillinga for Det Norske Spellaget fann stad. 

Det var fulle hus i riksmålsbygda Asker. Alle skodespelarane budde i Målkroken i prøvetida, og her budde folk frå alle dalføre, og ikkje minst flytta teaterlegenden Edvard Drabløs (1883–1976) og Oslo-guten, arbeider- og byalibiet Oskar Braaten (1881–1939) hit for ei kort stund. 

Arthur Klæbo skriv i boka si om Edvard Drabløs at han har betydd like mykje for norsk teater som Rasmus Steinsvik for nynorsk presse. 

Spellaget blei avløyst av ein fast teaterinstitusjon, Det Norske Teatret, frå 1912 med Hulda Garborg som initiativtakar og medlem av det første styret. Hulda Garborg og Tilla Valstad fekk også innført folkeviseleik i Osloskulen. Dei måtte berre ikkje kalla det dans!

Det var mykje anna som skjedde i Hvalstaddalen, ein kan mellom anna leggje til at Tilla Valstad hadde vore lærar på Vaterland i Oslo og skreiv ei bok om tilstanden på austkanten i Kristiania på 20-talet. No laga dei ein institusjon for dei sjukdomstruga borna i byen. Her deltok Hulda og lærte borna folkevisedans, og Otto Valstad tok seg av utgiftene heilt til Oslo Sanitetsforening tok over.

No vert ikkje Haugtussa-forestillingane på Asker museum lenger forstyrra av flytrafikken, og Wolfgang Plagge kan spele utan avbrot. Eg veit ikkje om det var difor vi fekk ny hovudflyplass, men sikker kan ein aldri vere!

Les flere artikler

Budstikka bryr seg om personvern og er ansvarlig for dine data. Dataene blir brukt til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.