Den 5. august 1913 var det hundre år sidan Ivar Aasen blei fødd, og det norske Amerika ville avduke ei byste av Aasen i Moorhead, og Hulda Garborg drog ut på si lengste reise, tre månader var ho borte. Det var stortingspresidenten Carl Berner som ba ho reise saman med presten Anders Hovden.

Ho sende eit brev, som eg fann i arkivet til Asker Museum, til Selma Lagerlöf før ho drog og spurde om ho kunne få setje opp «Stormyrtösen», som tyder noko sånt som «jenta frå Stormyrtorpet». Ho fortalde at for tida spelte dei «Jeppe på berget» i Arne Garborg si omsetjing. Ho fortalde at dei hadde reist rundt med Spellaget i heile landet, også i Vennskapen, men Kristiania hadde dei igjen å vinne.

I dagboka si skriv Arne Garborg 15. august 1913: «I går kom Hulda – endeleg. Det hev vori ein lang sumar dette. Og meir enn nok av arbeid ventar på henne, frå teaterstyring til bærsylting.»

Han fortel at Hulda var skeptisk til eit norsk samfunn i Amerika sjølv om ho høyrer betre norsk der borte enn her heime. Men når ho samanlikna generasjonane, fortalde ho: «1ste lekken lærer aldri engelsk (skikkeleg); 2dre kann både engelskt og norskt; 3die - kann berre engelskt. At 4de då vil ha gløymt Norig og si norske ætt er sjølvsagt.»

Det var Hulda som grunnla Det Norske Teateret i 1912 sjølv om Arne hadde lagt fram et konkret forslag om det alt i 1891 etter at han hadde vore i Berlin og opplevd Freie Volksbühne kor vanlege arbeidstakarar kunne gå i teater for ein rimeleg penge.

Kong Haakon VII var til stades på opningsforestillinga 6. oktober 1913 og uttalte: «Jeg har aldrig havt vanskelig for at forstå sproget noget sted i Norge.»

Men ikkje mange dagar etter braut det laus. I Aftenposten 13. oktober var overskrifta: «Pipekonsert og slagsmaal i Det norske teatret. 60 gymnasiaster fikk pryl og blev kastet ut. De sloges, saa der fløt blod.»

17. oktober skriv Hulda i dagboka si: «200 pipere. Alt utsolgt tidlig på dagen. (…) På Karl Johan og Rosenkranzgt. var det fælt spetakkel. En masse politi var møtt fram. Avisene anslår menneskemassen til 10-12 tusen – enkelte til 15000.»

Aftenposten skreiv om dei tapre gymnasiastane, medan nynorskavisa «Den 17de Mai» skreiv at piparane med fløytene sine hadde samla folk frå alle kantar av Kristiania, og teateret var fullt kvar kveld. Og teateret håva inn pengar.

Endeleg hadde Hulda vunne Kristiania!