I arkivet til Asker museum kan ein finne mykje interessant. Frå november 1941, etter okkupasjonen, fann eg eit brev frå Johan Falkberget til Tilla Valstad. Han skriv at han fekk brevet med boka til Tilla Valstad, «Men størst av alt er kjærligheten», for to timar sidan, og han takka så mykje. Han seier og at desse orda er ein fane som er bore av menneske høgt opp mot himmelen.

Han legg til at han ikkje lenger vil skrive i avisene i Trondheim. Det var kome så mange nye folk i desse avisene, det vil seie nazistar. Derfor ville han skrive i Fjell-Ljom, avisa på Røros om boka til Tilla. Der hadde Rasmus Steinsvik vore redaktør og Arne Garborg medarbeidar, båe to budde fleire år i Kunstnerdalen på Hvalstad.

Falkberget skriv og at det var kleint med noko meisterskap frå hans side; han føler at han ikkje lykkes, og han skriv til slutt at du (Tilla) og Otto som stod Arne og Hulda så nær i eit langt liv, fekk nok innblikk i eit og anna frå deira verkstad.

Da Terboven i 1940 hadde proklamert forbod mot politiske parti og ytringsfridomen, sat Falkberget og skreiv slutten på «An-Magritt», og da synte han med An-Magritt «at det oppreiste sinn måtte stå i loddsnorens tegn». Loddsnora var grunnlova, der stod folket sitt sinn, og det var folket sin arv. Dette fortel Jon Kojen i boka «Dikteren fra gruvene» om Falkberget. Kojen var ein slags sekretær for Falkberget under krigen.

Like etter 9. april kom to flyktningar til Ratvolden; fru statsminister Nygaardsvold og sonen som heldt på å bli innhenta av tyskarane. Falkberget bestemde seg då for å følgje dei to over til Sverige.

I Sverige skreiv han fleire krasse artiklar og heldt foredrag mot nazismen, og fleire advarte han mot å kome heim, blant andre litteraturprofessor Fredrik Paasche. Avisskriveria kunne gje nazistane påskudd til å fengsle han. Falkberget reiste likevel attende til Røros i slutten av juli.

Han skreiv i løpet av krigsåra over 500 brev kor han synte motstanden sin, noko brevet til Tilla viser, og han sette i gang pengeinnsamlingar til dei som hadde mista nokon i kampen mot nazistane. Makthavarane visste at det andre bindet av «Nattens brød» var ferdig, og dei pressa han til å utgi det, men han nekta i solidaritet med Forfatterfronten, og Aschehoug Forlag hjelpte han å skjule manuskriptet.

Sumaren 1944 ville nazistane feire Røros Kobberverk sitt 300-årsjubileum, og nazistane ønskte å få Falkberget med på arrangementet. Dei gav seg ikkje fordi dei visste at utan forfattaren ville det heile bli ein fiasko. Dei drog med bil til Ratvolden for å henta han, men han nekta og sa: « Eg kan ikkje kome, og hadde hustrua mi vore buden, så ville heller ikkje ho ha kome!»