Skip to main content
Hva mener du? Del dine meninger med Budstikkas lesere.
Send inn innlegg

Tida er moden for meir nynorsk i Asker-skulen

Askerbøringar bør absolutt bli meir stolte av rolla Asker spelte i utviklinga av nynorsken, skriv Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Som leiar av Noregs Mållag ser eg at styremedlem Tove Eggen i Asker Frp skriv i Budstikka at tida er moden for at sidemål skal bli valfritt i skulen i kommunen. Det er tydeleg at ho da ser på sidemål som identisk med nynorsk. 

I artikkelen skriv ho at tilsette i det offentlege ikkje lenger treng svare på nynorsk på brev på nynorsk. Mållova seier framleis at tilsette i staten skal svare på brev på den målforma førespurnaden er på, og i 113 kommunar er nynorsk det offisielle skriftspråket i bruk både i ekstern og intern informasjon. I framlegget til ny språklov som nå ligg ute, står det at alle fylke skal svare på nynorsk om dei får eit brev eller ein e-post på nynorsk, det gjeld også til dømes Viken som Asker snart blir ein del av.

Den stadig aukande mobiliteten er ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg

Ein underliggande tankegang hos sidemålsmotstandarane er at nynorsken er på vikande front, og at dette er eit fag elevane i framtida ikkje kjem til å få bruk for. Men den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg.

Ein elev på ungdomsskulen i Asker kan ha ei framtid som rådmann i Ål eller næringsdrivande i Sogndal. Elevar kjem til å flytte på seg i livet, og da vil mange av dei møte nynorsken over store delar av landet – nå som før. Så er det sjølvsagt rett som Eggen skriv, at vi lever i ei globalisert verd. Dei unge badar i ein brote språk- og kulturuttrykk heile tida. Men derfor har også barn og unge eit anna syn på språkleg og kulturelt mangfald enn dei eldre generasjonane, og det bør gjere det lettare å finne ein plass for nynorsken.

Heldigvis har vi ei regjering for tida som vil styrke begge dei norske skriftspråka. «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk», står det i Granavollerklæringa. 

For at dei som nyttar mindretalsspråket, skal ha retten til å bruke og møte skriftspråket sitt, må også fleirtalet få opplæring i det språket slik at dei kan både skjønne det og ta det i bruk der det er demokratisk bestemt at det skal brukast. Og utan karakterar blir læringa dårlegare. Elles finst det mange i Asker som er stolte over nynorsktradisjonen i kommunen. 

Denne veka blir Dyre Vaa, telemarking og tidvis askerbøring, feira på ein fest arrangert av Asker Mållag. I Asker rådde Asker-kretsen rundt Hulda og Arne Garborgs Labråten. Arne Garborg skreiv her, og Hulda Garborg starta det som skulle bli Det Norske Teatret og kjempa fram den store bunadtradisjonen som veks og blir meir og meir synleg over heile landet for kvar 17. mai. 

I lang tid har skiltinga på Labråten vore på bokmål, men i fjor bidrog Asker Mållag og Asker Museum til at skilta nå er på nynorsk. Det er eit godt teikn på at fordommar fell. Askerbøringar bør absolutt bli meir stolte av rolla Asker spelte i utviklinga av nynorsken, og derfor bør lokalpolitikarane oppmode til meir nynorsk i Asker-skulen.

Bidra med dine meninger, både på nett og i papir.
Skriv debattinnlegg
Les flere artikler

Budstikka bryr seg om personvern og er ansvarlig for dine data. Dataene blir brukt til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.