Skip to main content
Hva mener du? Del dine meninger med Budstikkas lesere.
Send inn innlegg

Ros og ris til butikkane i Bærum

- Takk for at de endeleg har kvitta dykk med den digre trollfamilien de har hatt for uvane å stille ut til jul. La oss neste jul få sjå ein kjempefin stall med alt som høyrer til, skriver innsenderen om Sandvika Storsenter.

- Takk for at de endeleg har kvitta dykk med den digre trollfamilien de har hatt for uvane å stille ut til jul. La oss neste jul få sjå ein kjempefin stall med alt som høyrer til, skriver innsenderen om Sandvika Storsenter.

Foto: EVA GROVEN

Eg byrjar med matvarebutikkane:

Ros: Tusen takk for at me har fått norske eple heilt fram til jul! Som vestlending og eks-epleplukkar i Ullensvang har eg heile tida visst at det fanst norske vintereple. Men i alle dei åra eg har budd i Bærum, har me fått norske eple ein tre vekers tid, resten av hausten og vinteren måtte me nøya oss med importerte eple. 

Dei norske epla smakar best! Takk og atter takk!

Ris: Har butikkane andre kriterier for matkvalitet enn pris? Greit at det er billeg. Men kva med smak? Kva med berekraftige dyrkingsmåtar, lagring, opphav?

Eg ser fram til den dagen eg får sjå eit stort skilt der det står: «Smakfullt kjøt frå frittgåande høns som har levd eit godt liv saman med hanen i vårt nære grannelag!»

Så til bokhandlarane. Fyrst litt ros. Takk for godt utval og god hjelp av flinke folk i butikken.

Ris: Nokre bokhandlarar ser ut til å ha svært mange bøker av kun éin forfattar. I alle høve ser det slik ut i butikkvindauget. Der talde eg 26 eksemplar av same boka, kunstferdig stabla i utstillingsvindauget. Eg måtte spørja etter ei nyleg utkommen bok. Med god hjelp fann eg ho på nederste hylle innerst i ein krok.

- Eg ynskjer alle dei fantastiske tilsette i butikkane godt nytt år! skriver Målfrid Brekke.

- Eg ynskjer alle dei fantastiske tilsette i butikkane godt nytt år! skriver Målfrid Brekke.

Foto: NINA ABRAHAMSEN

Mangfaldet av bøker lyt ein leite etter i hyllene. Kvifor ikkje vise det fram i vindauget og på borda? Og i jula hadde det vore fint med julekort med stallmotiv; Maria med Jesusbarnet på fanget vil eg ha! Ikkje berre nissar og dompapar.

Ros til blomsterbutikkane: Dei minste er dei beste. Fine blomar og framifrå service! Takk!

Ris: Dei største butikkane er dei verste. Den såkalla julestemninga forsvinn straks eg stikk nasen inn. Dinosaurar med raude nisseluer fortel meg ingen ting anna enn at her er kulturen i ferd med å gå under. Det same gjeld svære område med alpelandskap. Kva sytten har dette med meg og med jula å gjera? Eg har vore i Tyrol, i alpelanda – også ved juletider. Og då er det slik at der er det tusenvis med julekrybber; stallar med gjetarar, englar, esel, vismenn, jesusborn og mariaer og josefar i alle storleikar og prisklassar. Noko for einkvar smak.

I Bærum er det trongt og åndsfattig. Ein kjær og viktig del av vår felles europeiske kultur og tradisjon smuldrar bort og forsvinn her hjå oss. Kyrkja har ikkje einerett til julekrybba!

Sandvika Storsenter: Takk for at de endeleg har kvitta dykk med den digre trollfamilien de har hatt for uvane å stille ut til jul. Eg ser det er ein ledig plass etter ombygginga, og her er mi oppfordring: La oss neste jul få sjå ein kjempefin stall med alt som høyrer til på den ledige plassen. Så me kan kjenne oss att og vita at me er ein del av ein – ikkje berre europeisk – men verdensvid kulturkrins. Det er noko av det vakraste me har felles. Ta gjerne ein tur til ein by i alpeland. Der finn de nok inspirasjon, skulle ein tru.

Juletreselgarane: Takk for at de finst. Men eg spør meg om det er berekraftig å bruke matjord til juletredyrking? Eg forstår at de må tene pengar. Men dette er eit spørmål for politikarane: Skal me dyrka juletre eller skal me dyrka mat?

Eg ynskjer alle dei fantastiske tilsette i butikkane godt nytt år! Og takk for det gamle! Takk for «hei» og «ha en fin dag videre»! Det gjer det hyggeleg å handle.

Bidra med dine meninger, både på nett og i papir.
Skriv debattinnlegg
Les flere artikler

Budstikka bryr seg om personvern og er ansvarlig for dine data. Dataene blir brukt til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.