Skip to main content
Hva mener du? Del dine meninger med Budstikkas lesere.
Send inn innlegg

Profesjonelt teatertilbud for barn

- Kjære lokalpolitikar: Grav litt djupare i lomma! skriver innsenderen. Unge Viken Teater opplyser at de hadde en turné i barnehager i Asker og Bærum i 2017 og at kommunene siden har fått tilbud om ordningen uten å takke ja. Her fra forestillingen «Fabelflakseren» med Annie Dahr Nygaard.

- Kjære lokalpolitikar: Grav litt djupare i lomma! skriver innsenderen. Unge Viken Teater opplyser at de hadde en turné i barnehager i Asker og Bærum i 2017 og at kommunene siden har fått tilbud om ordningen uten å takke ja. Her fra forestillingen «Fabelflakseren» med Annie Dahr Nygaard.

Foto: LARS OPSTAD

Barns rettigheiter er ikkje viktig. I alle fall om ein skal lese ut frå lokalpolitikarane sine prioriteringar.

Det er kanskje å sette det på spissen, men når det gjeld tilbod om profesjonell kunst og kultur for dei aller minste, så er det dessverre ein realitet. Men, det er ein rettigheit borna har! Dette er nedfelt både i FNs barnekonvensjon, i rammeplanen til barnehagar og vedtatt på Stortinget gjennom kulturmeldinga.

Dei aller fleste er einig om at kunst og kultur for dei aller minste er viktig, men i harde forhandlingar og tronge kommunebudsjett blir ting naturleg nok vege opp mot kvarandre. Kva er mest viktig: Teater i barnehagen for lille Fillip eller spesialpedagog til lille Maja?

Det er ingen som har problem med å forstå at ein då prioriterer vekk det som er å rekne som «pynt på kaka», og ikkje livsviktig.

Men, det er heilt feil å halde det eine opp mot det andre. Det kan rett og slett ikkje samanliknast. Begge er like viktig, på kvar sin måte.

Unge Viken Teater har i fleire år gitt tilbod om profesjonelle teaterførestillingar utvikla spesielt for born i barnehagealder, i tett dialog med borna sjølv og pedagogar.

Vi inviterer born inn i prosessen frå første stund, for å sørge for at førestillingane er godt forankra i målgruppa og resonnerer i vårt «lille» publikum. Borna er vårt hjarte, vårt nav og kjelde til inspirasjon, og våre viktigaste konsulentar og ekspertar.

Denne måten å jobbe fram førestillingane på gjer at det som møter dei er gjenkjenneleg, resonnerer i dei og introduserer dei til kva teater kan vere.

Unge Viken Teater tilbyr ein avtale med kommunane om leveranse av to teaterførestillingar i året til ein sterkt subsidiert pris. Nettopp for at det skal vere mogleg å gjennomføre innanfor tronge kommunebudsjett.

Til gjengjeld får alle barnehagar i desse kommunane tilgang til profesjonelle teaterførestillingar som er spesielt utvikla for aldersgruppa og tilpassa barnehagen som arena.

Gjennom å besøke borna der dei er, får dei eit første møte med teateret i trygge og kjente omgivnadar.

Ikke alle born har vore på kino og teater. Gjennom Teater i barnehagen når vi nesten alle born i ein kommune, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn eller kvar enkelt barnehage sine prioriteringar. 

Ungar i barnehagar over heile Viken står no i fare for å miste eit unikt tilbod som er utvikla spesielt for denne aldersgruppa, med profesjonalitet i alle ledd. Eit tilbod som allereie er sterkt subsidiert, nettopp for å nå ut til alle born uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn.

Kjære lokalpolitikar: Grav litt djupare i lomma!

Kostnaden ved eit slikt kutt handlar ikkje berre om pengar, men om å ta frå borna den same moglegheita til felles undring, refleksjon og utvikling som menneske. 

Dessverre så ser vi gong på gong at kultur er noko av det første som blir kutta når det kjem til prioriteringar. Det er ikkje rekna for å vere viktig nok.

Men kultur er både helsefremjande og utviklande. Og for monge er det livsviktig. 

Kari Ramnefjell fra Kolsås er teatersjef i Unge Viken Teater.

Kari Ramnefjell fra Kolsås er teatersjef i Unge Viken Teater.

Foto: PRIVAT
Bidra med dine meninger, både på nett og i papir.
Skriv debattinnlegg
Les flere artikler

Budstikka bryr seg om personvern og er ansvarlig for dine data. Dataene blir brukt til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.