Skip to main content
Hva mener du? Del dine meninger med Budstikkas lesere.
Send inn innlegg

Om Tilla Valstad og Bjørnstjerne Bjørnson

- Hvalstaddalen i Asker var samlingspunktet for radikale kunstnarar og målfolk i Noreg. Her vart grunnlaget for Det Norske Teatret lagt, og her samla det seg namngjetne folk rundt Tilla og Otto Valstad, skriver innsenderen. Her taler Tilla Valstad (1871-1957) på Risenga 17. mai 1945.

- Hvalstaddalen i Asker var samlingspunktet for radikale kunstnarar og målfolk i Noreg. Her vart grunnlaget for Det Norske Teatret lagt, og her samla det seg namngjetne folk rundt Tilla og Otto Valstad, skriver innsenderen. Her taler Tilla Valstad (1871-1957) på Risenga 17. mai 1945. 

Foto: Asker bibliotek

Rundt århundreskiftet og nokre tiår framover var Hvalstaddalen i Asker samlingspunktet for radikale kunstnarar og målfolk i Noreg. 

Her vart grunnlaget for Det Norske Teatret lagt, og her samla det seg namngjetne folk rundt Tilla og Otto Valstad som Hulda og Arne Garborg, Olav Nygard, Kristofer Uppdal, Rasmus Løland, Marta og Rasmus Steinsvik, Ivar Mortensson-Egnund, Johan Bojer, Henrik Rytter, Edvard Drabløs, Oskar Braaten og mange andre skodespelarar, målarar og forfattarar.

Tilla skreiv bøker og var lærar og journalist og aktiv kvinnesakskvinne, og Otto var i hovudsak målar. 

I 1925 skreiv Tilla «Et år i Vaterland» om forholda for barn og ungdom på austkanten i Kristiania. Etter kvart tok dei imot sjukdomstruga austkantungdom i «Ut i sola-stua» i «Kunstnerdalen» der Inga Bjørnson var vertinne.

I 1917 drog Tilla til Kvikne, til Bjørgan prestegard, som var fødestaden til Bjørnstjerne Bjørnson. Huset der Bjørnstjerne blei fødd skulle rivast, og Tilla sette i gang ei landsomfattande innsamling for å redde prestegarden. Huset vart redda og kjøpt, og ho gjekk deretter i bresjen for at Bjørnsonbautaen vart reist på Bjørgan.

- Huset der Bjørnstjerne blei fødd skulle rivast, og Tilla Valstad sette i gang ei landsomfattande innsamling for å redde prestegarden, skriver innsenderen. Her Bjørnson-statuen utenfor Den Nationale Scene i Bergen.

- Huset der Bjørnstjerne blei fødd skulle rivast, og Tilla Valstad sette i gang ei landsomfattande innsamling for å redde prestegarden, skriver innsenderen. Her Bjørnson-statuen utenfor Den Nationale Scene i Bergen.

Foto: MARIT HOMMEDAL/NTB

Far til diktaren kom ikkje godt ut av det med kviknedølane. Det var fleire rettssaker med alvorlege skuldingar mot Peder Bjørnson; mellom anna at han krevde inn avgifter frå dei med hard hand, at han nekta å forretta barnedåp når foreldra var fattige og mykje anna. 

Tilla Valstad skriv i «Fjeld-Ljom» i 1917 at ho møter Ingrid Spillmoen på 82 år, som var god ven med diktaren. Ho hadde vore på vitjing på Aulestad, og han hadde vore på Bjørgan for å friske opp barndomsminna. 

Ingrid fortel at presten alltid måtte ha pistol med seg når han var i bygda, og ein gong han var fråverande, tok dei fjørdynene hans og spretta dei opp på stupet slik at fjøra fauk til alle kantar.

Ingrid seier om Bjørnstjerne: «Å kor glad han var den gongen, Bjørnson hadde si barnetru, veit du, det var berre presten han itte likte.» 

Ho fortel vidare at han leika ved elva Sverja ved prestegarden, og det fekk han ikkje lov til. «Han fikk juling i kjøkkenet nesten hver dag av faren, men han lurte seg bort dit allikevel.» 

Ein dag tok dette slutt. Presten lurte seg etter han ein dag han gjekk ned til Sverja, heldt han under vatnet til han skreik: «Vil du drepe meg, far.» 

Ingrid fortel også at Bjørnstjerne måtte bort til stabburet, «der mor hass less som ho ødela seg.» Da først fekk ho presten til å sette opp ny stabburstrapp.

Tilla Valstad skriv i artikkelen sin då ho endeleg var komen fram til Bjørgan:

«- Bæ-æ-æ, sier bukken. Nei nå mener jeg, er det kanskje den bukken Øyvind åtte? Han står med hodet på skakke og ser opp. En liten gutepoik ved siden av i grå vadmelsklær, rød topplue og med hendene i bukselommene iakttar oss fremmedfolk.»

Var det kan hende her Bjørnstjerne fekk inspirasjonen til å skrive «En glad gutt»?

Bidra med dine meninger, både på nett og i papir.
Skriv debattinnlegg
Les flere artikler

Budstikka bryr seg om personvern og er ansvarlig for dine data. Dataene blir brukt til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.